Er du heilt elendig til både maling og teikning? Kjempe flott!
Da blir skikkelig gøy med Malemoro på Stord Hotell Fredag 25. April kl 18.
I lag med Bitta Bøthun Bjørnsdotter skal me kanskje verta litt betre til å mala. Gjennom eit sett med oppgåver skal Bitta visa oss veg! Kanskje vert me ikkje dei nye store samtidskunstnarane, men oj kor løye me skal ha da!
Detta er eit opplegg med laus snipp altså.
Du lærer enkle teknikkar som gir deg eit godt resultat, uansett om du aldri har rørt ein pensel før, eller om du er dreven i faget.
Tema denne gong er å mala ditt favoritt kjæledyr.
- send snarleg eit godt foto av dyret du vil mala til denne mailen: malemoro.stord@gmail.com
- kom til ferdig skissa lerret, og legg på fargar sånn som du vil ha da.
Er dykk ein vennegjeng, eller eit par eller kanskje du vil komma åleina? Me har plass til mange! Me stiller med alt av utstyr - så da treng du ikkje å tenka på!
Dersom du ynskjer å eta god mat og nyta deilig drykk før Malemoro, så kan du reservera bord i Bar 59 og bestille smårettar her
Smårettsmeny: https://stord-hotell.no/menyer/cafe-59-meny/
Dersom du heller vil eta og drikka etter vår kreative event kan du reservera bord og beställa á la carte på Brasserie 59 her Brasserie 59: https://stord-hotell.no/brasserie-59/
Bitta Bøthun Bjørnsdotter har etterkvart blitt eit kjent namn i kulturlivet på Stord. Ho har hatt ein drøss med ustillingar av egne verk på forskjellige gallerier. Ho er kanskje mest kjend som Bitta med Bruene. Bileta hennar er av ein djup personleg karakter, men ho dyppar også tærne i meir abstrakte landskapsmalerier der ho hentar inspirasjon frå Vestlandet.