Er du heilt elendig til både maling og teikning? Kjempe greier!
I lag med Bitta Bøthun Bjørnsdotter skal me kanskje verta litt betre til å mala. Gjennom eit sett med oppgåver skal Bitta visa oss veg! Kanskje vert me ikkje dei nye store samtidskunstnarane, men oj kor løye me skal ha da! Detta er eit opplegg med laus snipp altså.
På Mal & Fjas har me mykje malemoro.Du lærer enkle teknikkar som gir deg eit godt resultat, uansett om du aldri har rørt ein pensel før, eller om du er dreven i faget.
Februar er månaden for kjærleik. Om da er kjærleik for ein partnar, ein ven, born eller dyr så skal me gjenskapa dette i eit maleri med sjablong og frihand.
Er dykk ein vennegjeng, eller eit par eller kanskje du vil komma åleina? Me har plass til mange! Me stiller med alt av utstyr - så da treng du ikkje å tenka på!
Bitta Bøthun Bjørnsdotter har etterkvart blitt eit kjent namn i kulturlivet på Stord. Ho har hatt ein drøss med ustillingar av egne verk på forskjellige gallerier. Ho er kanskje mest kjend som Bitta med Bruene. Bileta hennar er av ein djup personleg karakter, men ho dyppar også tærne i meir abstrakte landskapsmalerier der ho hentar inspirasjon frå Vestlandet.